Kva slags forhold har vi til kleda våre i dag? Nokre plagg blir favorittar i garderoben, medan andre ikkje blir brukt. Mange unge i dag har eit gjennomtenkt forhold til klede og trendar, andre går gjerne med det som ligg fremst i skapet. Såkalla «fast fashion» eller rask mote gjer at klede i dag er både billege og forgjengelege. Korleis påverkar det korleis vi tenkjer om det vi har på oss?

Korleis er det å jobbe på akkord og på same tid vere ein del av eit lag? Vi skal produsere T-skjorte, den som ikkje heng med i svingane får trekk i løna! Elevane bruker saks, papir og lim og lagar så mange T-skjorter som mogeleg på den tida dei får tildelt.