Tidsrom:

24.08.2017 - 16.06.2018

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Ungdomstrinnet

Fagtilknytning:

  • Kroppsøving
  • Musikk

To dansarar og ein spelmann på hardingfele let ungdommane ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. Dei vil få kjennskap og eigarskap til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Målet er å utfordra og inspirera ungdommane. Det vert springar, halling, tretur og songdans.

Fokuset vil vera aktiv deltaking, men ungdommane vil også få sjå instruktørane dansa. Me utgangspunkt i tradisjonen skal ungdommane få utfalda seg.

Varighet på ein verkstad: 45 minutt

Stad for gjennomføring: På skulen, i eit stort klasserom ev. gymsal
Ønska tall verkstader og ønska tall elever pr verkstad: 20 hendingar med onmlag 25 elevar pr hending (kan gjerne ha fleire hendingar per skule).

Opplegget passar fint inn med gymnastikk og musikkfaget og famnar over eit bredt utval av kompetansemåla etter 10. trinn, men då særleg:

  • trene på og utøve dansar frå ungdomskulturar og andre kulturar, og saman med medelevar skape enkle dansekomposisjonar
  • diskutere særtrekk ved rytmisk musikk, kunstmusikk og norsk, samisk og andre kulturers folkemusikk og gjøre rede for egne musikkpreferanser
  • skape egne danseuttrykk med utgangspunkt i musikkens karakter
  • uttrykke og formidle refleksjon om musikk som kunst- og kulturuttrykk og som underholdnings- og forbruksvare

 

Forarbeid vil vere gjennomgang av tema og ord i songdansen «Her er me grannar». Fokus under hendinga vil vere verkstad, slik at elevar og lærar får eit grunnlag for vidare utforsking av folkedans. I etterarbeidet kan ein bruke dansekompaniet Noregs Ungdomslag sitt undervisningsopplegg: http://www.folkepedia.no

Booking


Navn (kontaktperson)

E-post

Skole

Klassetrinn

Antall deltakere

Adresse

Kontaktinformasjon / mobilnummer

Dato / Tid