Tidsrom:

26.08.2014 - 22.06.2018

Pris:

Gratis for skular, barnehage og sfo betalar kr. 30,- pr. barn i materialavgift.

Klassetrinn:

  • Barnehage
  • Småskolen

Fagtilknytning:

  • Kunst og håndverk
  • Samfunnsfag

Korleis kan ull bli til garn? Her blir barna kjende med ull som materiale.

Vi kjenner og lukter på ulla som kjem frå sauen og snakkar om ulla sine eigenskaper. Denne ulla blander vi etterpå saman med farga ull som barna får karde og tove. Alle barna får til slutt sitt eige armband som dei kan ta med heim.

Etterpå går vi inn i fabrikken og ser på korleis maskinane der kan gjere det same som dei nett har gjort med henda sine. Sånn var det før i tida, men framleis blir klede laga om lag på same vis. Vi ser og på ulike strikkemaskinar og barna får sjølv lov å prøve å strikke på ei maskin.

Mål: få kjennskap til ull, forstå korleis garn og klede blir laga. Fokus på fortida og arbeidsforhold i industrien.

Opplegget er todelt

  1. Karding og toving i kafeen, ca. 40 minutt.
  2. Omvising i fabrikken, ca.30-40 minutt, kan erstattes med «Bæændik»

Heile opplegget tar om lag 2 timar, inkludert matpause.

20 barn + lærar

Barn karder, Norsk Trikotasjemuseum

Booking


Arrangementet er utgått.