Tidsrom:

31.08.2018 - 14.06.2019

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Mellomtrinnet

Fagtilknytning:

  • Kroppsøving
  • Musikk
  • Norsk

To dansarar og ein spelmann på hardingfele let elevane ta del i ei reise i lokale dansetradisjonar frå Hordaland. Dei vil få kjenneskap og eigarskap til rytmar og rørsler i lokal folkedans og folkemusikk. Målet er å utfordra og inspirera elevane. Det vert springar, halling, tretur og songdans.

Fokuset vil vere aktiv deltaking, men ungdommane vil også få sjå instruktørane dansa. Med utgangspunkt i tradisjonen skal elevane få utfolde seg.

Varighet på ein verkstad: 45 minutt

Stad for gjennomføring: På skulen, i eit stort klasserom ev. gymsal
Ønska tall verkstader og ønska tall elever pr verkstad: 30 hendingar med omlag 25 elevar pr hending (kan gjerne ha fleire hendingar per skule).

Opplegget passar fint inn med gymnastikk og musikkfaget og famnar over eit bredt utval av kompetansemåla etter 7. trinn, men då særleg:

  • framføra songar og viser frå eldre og nyare tid
  • kunna nokre norske dansar og dansar frå andre land
  • diskutera særtrekk ved kunstmusikk, norsk og samisk folkemusikk, folkemusikk frå andre land og rytmisk musikk
  • utføra varierte aktivitetar og delta i leik som fremjar uthald, koordinasjon og anna kroppsleg utvikling
  • eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar

Forarbeid vil vera gjennomgang av tema. Fokus under hendinga vil vere verkstad, slik at elevar og lærar får eit grunnlag for vidare utforsking av folkedans. I etterarbeidet kan ein bruke dansekompaniet Frikar sitt nettkurs og Noregs Ungdomslag sitt undervisningsopplegg: http://www.folkepedia.no

 

Arrangementet er fullbooket.