Tidsrom:

18.10.2018 - 15.02.2019

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Småskolen

Fagtilknytning:

  • Kroppsøving
  • Musikk
  • Norsk

Litle Pipen er ei fløyte som liker å synga, spela og dansa. Han er litt sjenert, så borna må synge for han først. Etterpå blir det hallingdans, forteljing og meir song og dans. Kjerringa med staven kjem innom og fortel historier frå livet sitt.

Folkemusikarane Silje Solberg og Tuva Bolstad har med seg fløyte,
hardingfele og harpeleik. Dei ynskjer å skape ei førestelling der borna er aktive med song og dans. Dei bruker folkemusikk frå Nordhordland og frå andre stader i landet. Dette er eit godt høve til å la borna ta del i vår eigen musikk- og dansetradisjon på ein leiken og fantasifull måte.

Stykket passer til grupper på mellom 15 – 40 elevar. Artistane kjem til skulen og opptrer. Rommet må vera rydda og ha plass til eit dansande publikum. Lydfiler med songar vert sendt til skulane som tinger stykket, så elevane kan få lære dei og vera meist mogleg aktive. Varigheit: 45 minutt.

Aktuelle datoar:
Oktober: 18. og 19.
November: 1. 2. 12. 15. 16. 19. og 30.
Desember: 3.
Januar: 10. og 11.
Februar: 14. og 15.

Navn (kontaktperson)

E-post

Skole

Klassetrinn

Antall deltakere

Adresse

Kontaktinformasjon / mobilnummer

Dato / Tid