Tidsrom:

05.11.2018 - 09.11.2018

Pris:

gratis

Klassetrinn:

  • Ungdomstrinnet

Fagtilknytning:

  • Norsk

Sidan debuten med Drakeguten i 2010, har Rydland markert seg med sterke, spennande og karakter-drivne fantasybøker for ungdom og vaksne. For bøkene i Drakeguten-serien fekk han både Fabelprisen og Nynorsk Barnelitteraturpris, og boka hans – Galderstjerna – blei kåra til Årets Ungdomsbok i 2017.

I møte med skuleklassar fortel han om fantasy-sjangeren og korleis hans eigne bøker passar med – og av og til går på tvers av – sjangerkonvensjonane. Han snakkar om skriveprosessen, vegen frå idé via manus til ferdig bok, kva for påverking data- og rollespel har hatt på arbeidet hans, kor viktig det er med gode karakterar som alle kan kjenna seg igjen i uansett kjønn og bakgrunn, og korleis i alle dagar han greier å hugsa alt han kjem på.

Klassetrinn: 8. – 10. trinn
Maks elevgruppe: 60 elevar
Tid: 45 minutt

Arrangementet er fullbooket.