Tidsrom:

26.04.2019 - 10.05.2019

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Ungdomstrinnet

Fagtilknytning:

  • Norsk
  • Samfunnsfag

 

Om førestillinga

Elevane blir tekne med på det første norske utvandrarfølgjet si førebuing og spektakulære reise over Atlanterhavet i ei lita, overfylt seglskute. Året er 1825. Kvifor reiste 52 vaksne, ungdomar og barn frå heimlandet sitt og heilt til Amerika? Kva opplevde dei på reisa, korleis var møtet med New York og kor slo dei seg ned? Alt dette er det den 40 minutt lange forteljarførestillinga handlar om.

I dette prosjektet vil elevane på den eine sida få oppleva vår eiga historie – historia om draumen som det først utvandrarfjølge bar på: draumen om eit betre liv. Det førte til at dei forlèt landet sitt og blei innvandrarar i Amerika. Gjennom denne opplevinga vil elevane betre forstå kvifor mange i dag kjem til Norge som innvandrarar.

På den andre sida vil dei få oppleve forteljing som kunstform og formidlingsform. Gjennom forteljarkunsten skapes det bilde, i blant sterkare enn film, hos tilhøyrarane. Denne kunsten er rein og direkte, utan noko medium mellom avsendar og mottakar. I vår digitaliserte tid er det viktig å la barn og unge få oppleva at den gamle kunst framleis kan skapa ei stor oppleving.

 

 

Om forteljaren

Eg, Anne Elisebeth Skogen, er forutan dramalærar i Suldal kulturskule, frilans forteljar med forteljarutdanning frå HIO (Høgskulen i Oslo) og har lang erfaring med turnear for DKS i Rogaland. Denne utvandrarforteljinga har eg også turnert med i USA i 2012 og denne sommaren 2018 hadde eg to førestillingar for vaksne i USA og ei førestilling for barn i Decorah.

Mi oppleving gjennom mange år er at forteljing som kunstform er heilt unik. Med kontinuerleg augekontakt med tilhøyrarane blir formidlinga direkte utan noko mellomledd. Det er sagt:

«Å fortelja er som å mala.

«Å lytta er som å sjå.»

Forteljing er og blitt kalla fattigmanns kino.

 

Praktisk

– Det trengs ikkje forarbeid før forteljarbesøket.

– Max 60 tilhøyrarar (ca).

– Eg  treng ingen tekniske hjelpemiddel, men må ha ei tavle eller annan vegg bak meg til å henga opp eit heimelaga Nord-Atlanteren-kart og eit par plakatar.

– Eg vil gjerne ha elevane nær meg og brukar gjerne klasserom. Eit musikkrom eller eit lite auditorium går og greitt.

 

Tilgjengelige datoar

Onsdag 24.04 – fredag 26.04

Mandag 29.05 – tysdag 30.5

Torsdag 02.05 – Fredag 03.05

Måndag 06.05 – Torsdag 09.05

Arrangementet er utgått.