Tidsrom:

29.08.2017 - 15.09.2017

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Småskolen

Fagtilknytning:

  • Kunst og håndverk
  • Musikk

 

Foto: Tor Erik H. Mathiesen

Skomakaren skal til å reparere den aller siste skoen før han avsluttar arbeidsdagen. Det er ein ballettsko han skal i gang med. Brått er ikkje skoen berre ein sko lenger. Ei ballerina trer fram, og etter kvart dukkar fleire sko opp. Også dei blir til ulike figurar; ein gatemusikar, ein sirkusdirektør og andre som arbeider på sirkuset. Det oppstår spenning når sirkusdirektøren ønskjer å få ballerinaen til å opptre ved hans sirkus. Ho vil nemleg aller helst danse når gatemusikaren speler.

SPELETIDER:

 

 

LEDIG – pr 19. juni:

29. august kl.11:30 Teatersalen på Stend         75 plassar ledige

31. august kl.10:15   Teatersalen på Stend       30 plassar ledige

31. august kl.11: 30   Teatersalen på Stend       75 plassar ledige

 

5. september  kl. 11:00:  Logen         ca 30 plassar ledige

11.september kl. 12:00 : Kulturhuset Sentrum Ytre Arna:  75 plassar ledige

12.september kl: 11:30: Kulturhuset Sentrum Ytre Arna: 75 plassar ledige

 

Fint om skulane melder seg på no før sommarferien og til den spelestaden som er nærast! Påmelding via www.dksbergen.no  Helst innan 22. juni.

Av og med Ljudmil Nikolov
Hjelp på scenen/ avvikling  
Kristian Børve
Produsert på Hordaland Teater 2017 

Dette er ei klassisk, fin figurteaterframsyning der det oppstår ulike kjensler og dramatikk – alt formidla utan ord, i eit poetisk og vakkert formspråk.

På grunn av at framsyninga er ordlaust passar det på tvers av språk og kulturar. Vi har gode erfaringar i å spele slike små figurteaterframsyningar for  barn som kanskje ikkje har sett teater før. Dette kan gje ein fin introduksjon til teaterkunsten.


Scenografien er i vintage, klassisk stil . Framsyninga er utvikla av Ljudmil Nikolov ved Hordaland Teater.
Ljudmil har trollbunde mange barn med sine fine poetiske framsyningar i figurteater gjennom snart 27 år på Hordaland Teater og før det i mange år ved teatre i heimlandet Bulgaria.

 

Gode kritikkar i pressen etter premieren:

«Ljudmil gir sitt publikum figurteaterkunst. Det er ordløst og visuelt. Detaljert og enkelt – og teknisk avansert» – Barn i Byen

Les heile meldinga her: http://www.barnibyen.no/bergen/aktuelt/februar-mars-2017/en-skomakers-droem/

 

«I vendingen mellom det interessante mørke i det drømmende lyset ligger styrken i «Skomakarens draum»  Bergensavisen

 

Booking


Navn (kontaktperson)

E-post

Skole

Klassetrinn

Antall deltakere

Adresse

Kontaktinformasjon / mobilnummer

Dato / Tid