Tidsrom:

01.09.2018 - 31.05.2019

Pris:

Gratis

Klassetrinn:

  • Mellomtrinnet

Fagtilknytning:

  • Kunst og håndverk
  • Musikk
  • Norsk
  • Samfunnsfag

VI BYGGER OM

– ei audiovisuell førestilling for barn med broderte bilde, poetiske tekstar og musikk med Helga Gunerius Eriksen og Anette Thorsheim.

Helga Gunerius Eriksen har samla skattar frå skuffer, skrap frå grøfter, stoffbitar og fjør og lagar broderte materialbilde til ein serie ho også skriv poetiske tekstar til. Bildeserien er ei forteljing om katastofe og gjenoppbygging – frå krise til nytt håp. Ho tek utgangspunkt i verdssituasjonen i dag, med krig og menneske på flukt, men dette er ei forteljing om korleis det øydelagde kan reparerast og brukast om att til noko nytt og lovande: ”No må vi gjere så godt vi kan.”

Materialbilde av tekstil, broderigarn, pynteband, knappar, skruar, spiker, gaupepels, fjør, ormeskinn, paljettar, skjel, plastleiker, ymse skrot. Bilda har figurar som er sydde slik ho
sjølv teikna menneske som 3-åring, og det uhøgtidelege og enkle uttrykket er meint som inspirasjon for alle som tenkjer at ”eit slikt bilde kan eg også lage”. Tekstane er små dikt
som hjelper publikum å følgje forteljinga frå ruin til reparasjon.

Helga Gunerius Eriksen les medan Anette Thorsheim spelar musikken ho har laga inspirert av bileta og forteljinga. Tre låtar av ulik karakter dannar den musikalske ramma,
og gjev rom for improvisasjon undervegs i kommunikasjon med forteljaren og barna.

Dette er ei vandreutstilling montert på 15 plater, enkel å sette opp i alle slags rom, som klasserom, korridorar eller bibliotek.

Etter førestillinga gjer vi saman ei vandring frå første til siste bilde i utstillinga, der vi samtalar om bilda og korleis dei er laga, om teksten og kva han fortel, og om musikken og kva han uttrykker. Omvisninga er meint å stimulere elevane til å fortelje eigne historier gjennom materialbilde og tekstar – det er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru, og krev ingen spesielle forkunnskapar.

Helga Gunerius Eriksen er cand. mag. med faga keramikk og filosofi, og forfattar av eit tjuetals bøker for barn, unge og vaksne. Ho har skrive dramatikk, poesi, tekstar for tidsskrift og terreng, til musikk og dans, utstillingskatalogar og antologiar. Ho har også illustrert eigne bøker på poselen og tekstil, laga landskapskunst og hatt tverrkunstnarlege samarbeidsprosjekt. I tillegg har ho forfattarturnear og hundrevis av klassebesøk og besøk i barnehagar bak seg. Ho har motteke Kritikarprisen, Brageprisen og Samlagsprisen.

Anette Thorsheim er folkemusikar med toradar som hovudinstrument, og har utdanning frå Musikkhøgskulen i Stockholm og Høgskulen i Telemark. Ho er verksam solo og i ulike ensemble. Ho likar særleg godt å spele til dans, og inspirert av den tradisjonelle musikken i Noreg og Sverige, lagar ho ny musikk. Ho har undervist på alle nivå og har erfaring med bruk av musikk i møte med barn med spesielle behov.

 

Lenke til lærarhefte og musikkfilar:

https://www.dropbox.com/sh/y9komgsk2rdohjs/AAAEt5rtBgVxSE6raAG1gKNWa?dl=0

(Musikken kjem til å verte oppdatert med opptak frå studio om ikkje altfor lenge.)

Navn (kontaktperson)

E-post

Skole

Klassetrinn

Antall deltakere

Adresse

Kontaktinformasjon / mobilnummer

Dato / Tid